page view image

Tryllespel - Gro Marie Svidal

Eit nært møte med hardingfela – med levande klangar, nyfikne improvisasjonar og eige uttrykk.

Informasjon
event image

Velkommen til ein intimkonsert litt utanom det vanlege, der Gro Marie Svidal deler improvisasjonar over eit personleg materiale, skapt av hardingfeletradisjonen og instrumentet sine særeigne klangar. 

Kjent og ukjent, nytt og gamalt vert utforska, fletta saman og sett mot kvarandre. 


Det vert eit ærleg og nært møte mellom utøvar og instrument som opnar for lytting innover i instrumentet, innover i detaljane – og innover i oss sjølve.

konsert/dans

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.