Opningskonserten 2026
Festivalopninga – samla i éin konsert!
Informasjon
Førdefestivalen er stolte over å invitere til
Opningskonsert i Idrettshallen
torsdag 2.juli kl. 20.00!
Opningskonserten i Idrettshallen er ein av dei store konsertane under Førdefestivalen. Her får publikum glimt og smakebitar av det festivalen har å by på – eit møte med fleire av artistane på årets program.
Kinnaris Q og Rastak er blant artistane du møter på Opningskonserten, fleire namn blir annonserte fortløpande!
Programmet blir annonsert seinare, men billettsalet er i gang – sikre deg plass allereie no.
Hjarteleg velkommen!
- 💡 Til deg som kjøper ordinær vaksenbillett til Opningskonserten: Du får tilgang til eit kveldstilbod med rabatt på 'Natt på Teateret'!
- Promokoden ligg på billetten din – bruk den ved kjøp, så vert rabatten synleg i handlekorga.
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.
Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.