page view image

Keltisk – og bortanfor: frå Kinnaris Q til El Pony Pisador

To band, langbord og bar!

Informasjon
event image

Keltisk – og bortanfor


Vi inviterer til ein sosial konsertkveld med langbord, bar og umiskjenneleg keltisk feststemning i Idrettshallen.


Kvelden startar i Skottland med Kinnaris Q, ein kvartett med solide røter i keltisk tradisjonsmusikk. Musikken deira er leiken og energisk, men alltid forankra i det handlaga og ekte. Her finn du spor av skotsk og irsk folkemusikk, men òg innslag av bluegrass, klassisk og skandinavisk toneverda.
Dette er musikk som sit godt – og som gjerne løftar stemninga rundt langbordet.

Etter ein musikalsk tur til Glasgow går ferda vidare sørover i Europa.

Frå Barcelona kjem El Pony Pisador, eit band med stor kjærleik til keltisk musikk – og ein endå større musikalsk eventyrlyst. Her sprengst rammene: konserten utviklar seg til ei fargerik festreise på tvers av land, tradisjonar og sjangrar.
Publikum får møte katalanske songar og dansar, keltisk og middelhavsmusikk, jodling, strupesong, georgisk fleirstemt song og balkansk rytmikk – alt levert med humor, overskot og spelglede.


Kinnaris Q
Jenn Butterworth – gitar, oktavfele, tramping
Laura-Beth Salter – mandolin, tenorgitar
Aileen Reid – femstrengs fele
Fiona MacAskill – fele


El Pony Pisador
Adrià Vila – mandolin, bodhrán, vokal, skei, jodling
Guillem Codern – banjo, munnspel, vokal, strupesong
Martí Selga – fløyter, kontrabass, vokal
Miquel Pérez – fele, perkusjon, vokal
Ramon Anglada – gitar, trekkspel, vokal


Hjarteleg velkomne!


Merk at "SETE ved bord" er også utan nummer - de vel sjølv kvar de vil sitte ved ankomst.

Alle med Festivalpass har fri entre til tribune/galleri, eller dei kan kjøpe seg eit sete ved bord på golvplan til kr 50,-


💡 Til deg som kjøper ordinær vaksenbillett til konserten:
Du får tilgang til eit kveldstilbod med rabatt på alle konsertar resten av fredagskvelden (fullprisbillettar).
 Promokoden ligg på billetten din – bruk den ved kjøp, så vert rabatten synleg i handlekorga.


konsert/dans

Restriksjoner

Dørene opnar kl. 19.15.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.
Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.