SØK ETTER ARRANGEMENTER

5 konsertar. 3 dansefestar. Store rabattar. Full pakke – null stress!

Førdekonferansen har etablert seg som ein viktig kulturkonferanse i regionen og er eit viktig tilskot til festivalen. Til konferansen inviterer vi norske og internasjonale innleiarar til å gå i djupna på det årlege festivaltemaet.

Los Tres Músicos inviterer små og store til dans, musikkglede og moro.

Bli betre kjend med ein festivalartist i uformell samtale – midt i stemningsfulle Røyst mat & vin. Gratis og garantert triveleg.

Dyktige instruktørar gjer deg klar til å kaste deg ut på golvet – og få endå meir ut av festivalkveldane!

Gjennom folkemusikk, dans og teater følgjer vi Frid inn i ei fantasiverd kalla Skogen den grøne – ei forteljing om utanforskap og lengten etter å høyre til.

Eit nært møte med hardingfela – med levande klangar, nyfikne improvisasjonar og eige uttrykk.

Musikk og språk heng tett saman – dei skapar identitet, røter og samhald. Denne kvelden møter du artistar som held språket sitt levande gjennom musikken, med sterke historier og drivande gode tonar.

Folkedans med trøkk og speleglede – bli med når golvet løftar seg! 😄

Ei stemningsfull kveld i museet – full av klangar, rytmar, dans og detaljar for dei som likar å gå seg vill i musikk og kultur!

Los Tres Músicos inviterer små og store til dans, musikkglede og moro.

Inger Hannisdal bind saman folketonar og tonar frå arabisk tradisjon – med klangrikdom, uvanlege rytmar og meisterleg spel.

Ei leiken og undrande framsyning om nærvær, roller og det som skjer mellom liv og scene.

Bli betre kjend med ein festivalartist i uformell samtale – midt i stemningsfulle Røyst mat & vin. Gratis og garantert triveleg.

Djup tradisjon, meisterskap og sterke røter frå Mali – med stemme, balafon og ngoni som får historia til å leva.

To røyster – frå Iran og Sápmi – møtest i ei stemningsfull konsertoppleving om lys, liv og kraft i urolege tider.

Melankolsk og vakker folk-indie i kveldssola på taket. Diket tek nordisk folkemusikk eit steg vidare.

Ein utforskande meister på elektrisk benju – Ustad Noor Bakhsh vev saman raga, folkemusikk og fuglesong til eit heilt særeige uttrykk.

Langbord, bar og irsk feststemning! Frå såre balladar til halsbrekkande reelar og jigs – kvelden byr på ekte irsk kraft, søskenharmoniar, sekkepipe og smittande speleglede.

Full fart på dansegolvet – med topp spel frå Noreg og Sverige!

Sardinsk sakral song møter nyskapande cellomusikk i The Face of God – eit sterkt musikalsk samarbeid mellom Cuncordu e Tenore de Orosei og Ernst Reijseger.

To eksplosive band som blandar tradisjon og trøkk – frå finsk strupesong til balkanske rytmar. Dette blir ein kveld du kjenner i kroppen!