page view image

Irsk! The Friel Sisters / Goitse

Langbord, bar og irsk feststemning! Frå såre balladar til halsbrekkande reelar og jigs – kvelden byr på ekte irsk kraft, søskenharmoniar, sekkepipe og smittande speleglede.

Informasjon
event image

The Friel Sisters
Søstrene Anna, Sheila og Clare i The Friel Sisters er frå Donegal Gaeltacht, nordvest i Irland. Dei har alltid drive med musikk, og har denne heilt spesielle kommunikasjonen som berre søsken kan ha. 

The Friel Sisters er song, fele, fløyte og sekkepipe i alt frå såre irske balladar til raske reelar og jigs. 

Goitse 

Goitse er eitt av dei nye namna som skin sterkast på den irske folkemusikkhimmelen for tida. Eit tett samspel boblar over av energi og speleglede – og alt saman vert toppa av ein karismatisk vokal. 

Psst! Goitse betyr ‘kom her’, og skal uttalast Go-wit-cha.


Hjarteleg velkomne!


Merk at "SETE ved bord" er også utan nummer - de vel sjølv kvar de vil sitte ved ankomst.

Alle med Festivalpass har fri entre til tribune/galleri, eller dei kan kjøpe seg eit sete ved bord på golvplan til kr 50,-


konsert/dans

Restriksjoner

Dørene opnar kl. 19.15.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.
Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.