page view image

Inger Hannisdal Ensemble

Inger Hannisdal bind saman folketonar og tonar frå arabisk tradisjon – med klangrikdom, uvanlege rytmar og meisterleg spel.

Informasjon
event image

Fiolinist og komponist Inger Hannisdal har eit like naturleg forhold til skalaer frå arabisk maqam som til norske folketonar. 

Ho blandar dei to tradisjonane til eit uttrykk av skakke rytmar, kvarttonar og lengtande melodiar. 

Med sitt strålande ensemble hentar ho fram ei heil verd av tonar som har gått tapt i den europeiske tempererte tonaliteten, og tek oss inn i eit nydeleg musikalsk univers der vi saumlaust vandrar mellom nord og sør, aust og vest.

konsert/dans

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.