Hjälp
© TicketCo AS 2025.
Juridiska villkor för biljettköpare
Juridiska villkor för arrangörer
Ei leiken og undrande framsyning om nærvær, roller og det som skjer mellom liv og scene.
Bli betre kjend med ein festivalartist i uformell samtale – midt i stemningsfulle Røyst mat & vin. Gratis og garantert triveleg.
Djup tradisjon, meisterskap og sterke røter frå Mali – med stemme, balafon og ngoni som får historia til å leva.
To røyster – frå Iran og Sápmi – møtest i ei stemningsfull konsertoppleving om lys, liv og kraft i urolege tider.
Melankolsk og vakker folk-indie i kveldssola på taket. Diket tek nordisk folkemusikk eit steg vidare.
Ein utforskande meister på elektrisk benju – Ustad Noor Bakhsh vev saman raga, folkemusikk og fuglesong til eit heilt særeige uttrykk.
Langbord, bar og irsk feststemning! Frå såre balladar til halsbrekkande reelar og jigs – kvelden byr på ekte irsk kraft, søskenharmoniar, sekkepipe og smittande speleglede.
Full fart på dansegolvet – med topp spel frå Noreg og Sverige!
Sardinsk sakral song møter nyskapande cellomusikk i The Face of God – eit sterkt musikalsk samarbeid mellom Cuncordu e Tenore de Orosei og Ernst Reijseger.
To eksplosive band som blandar tradisjon og trøkk – frå finsk strupesong til balkanske rytmar. Dette blir ein kveld du kjenner i kroppen!
Førdefestivalen fyller 35 år – vi byr på frukost på åkle i sentrum sør!
Lær frå ein røynd songar som kombinerer meisterleg teknikk med djup innsikt i musikk og kultur. Persisk vokalkunst med nerve og autoritet.
Ei sjeldan moglegheit til å oppleve barokkfiolin og nøkkelharpe i intimt og vakkert samspel – midt i den historiske stova på Toene.
Bli med på ein fargerik kunstverkstad der born og foreldre lagar bilete med kol og sprutmåling – akkurat som festivalutstillaren Linda Soh Trengereid!
Bli betre kjend med ein festivalartist i uformell samtale – midt i stemningsfulle Røyst mat & vin. Gratis og garantert triveleg.
Sara Curruchich kombinerer mayansk tradisjon, folkemusikk og rock i eit sterkt musikalsk uttrykk, med kaqchikel-språket i front og eit brennande engasjement for urfolksrettar.
Ei sjeldan moglegheit til å oppleve barokkfiolin og nøkkelharpe i intimt og vakkert samspel – midt i den historiske stova på Toene.
Bli med på ein fargerik kunstverkstad der born og foreldre lagar bilete med kol og sprutmåling – akkurat som festivalutstillaren Linda Soh Trengereid!
Ei framsyning om venskap – fortald gjennom dans, musikk, humor og alvor. To bestevenner står i sentrum når små og store val må takast. Passar for born i skulealder, familiar og vaksne.
Førdefestivalens første samiske tingingsverk – joik, språk og samspel med kraft.
Chango Spasiuk tek deg med inn i den kraftfulle chamamé-tradisjonen – ein nord-argentinsk musikkstil med røter i spansk, afrikansk og guarani-kultur. Her får du drivande rytmar, leikande trekkspel og meisterleg handverk.
Tett på tradisjonen – slåttespel og orgel med Vabø og Apeland i samspel.