Boksamtale: Rima Iraki

Samtalen blir leia av journalist og forfattar Katrine Sele.

page view image
Evenemangsdatum

fredag 3 jul 2026 14:00

avslutas fredag 3 jul 2026 14:30
Beställ
Evenemanget har inga biljetter och är gratis
event image

Evenemangsinformation

Vi inviterer til boksamtale med Rima Iraki, aktuell med boka «Flukten fra Palestina». Samtalen blir leia av journalist og forfattar Katrine Sele.

Bestefaren til Rima flykta frå Palestina i 1948. Foreldra hennar flykta vidare, og sjølv er Rima Iraki fødd i Aust-Berlin som tredje generasjon på flukt. Familien sa alltid at dei skulle heim att til Palestina – dei skulle berre vere borte i nokre veker, til det vart trygt. Flukta, dei mange nye landa, alt var mellombels. Over eit halvt hundreår seinare verkar det mindre sannsynleg enn nokon gong at familien skal kunne vende heim.

Som programleiar i Dagsrevyen og Urix har Iraki i mange år rapportert om krig, konflikt og flyktningstraumar. No fortel ho for første gong si eiga familiehistorie. Boka skildrar krigens konsekvensar gjennom tre generasjonar og tek oss tett på dei menneskelege kostnadene av storpolitikken. Det handlar om oppbrot, om stadig å måtte slå nye røter, og om håp, motstandskraft og identitet.



I samarbeid med Førde bibliotek.


Taggar

anna
Arrangör
Førdefestivalen