page view image

Tett på: Synnøve Brøndbo Plassen

Arrangementsinformasjon
event image

Synnøve Brøndbo Plassen er eit spennande namn på den norske folkemusikkscena, og med slåttetrallinga si har ho vorte ein snakkis i folkemusikkmiljøet. Folkemusikaren frå Folldal har mange slåttar etter oldefaren, andre har ho leita seg fram til sjølv, i den rike tradisjonen ho har vakse opp i.
Repertoaret er allsidig, og omfattar både salmar, bånsullar, slåttestev og skillingsviser, og blir servert heilt akustisk.

Vel møtt!


Meir om artisten:

Synnøve Brøndbo Plassen - Norge

Allsidig folkemusikar med slåttetralling som spesialitet 

Slåttetrallinga til Synnøve Brøndbo Plassen har kome som eit friskt pust på den norske folkemusikkscena. Den 24 år gamle folkemusikaren, pedagogen og songaren kjem frå Folldal i Innlandet. Plassen har ein bachelor som faglærar i musikk frå Nord Universitet, Levanger, og for tida er ho student for utøvande folkemusikk ved Norges musikkhøgskole.

Oppveksten var prega av mykje musikk, særleg folkemusikk og gamaldans. Folldal, Østerdalen og Trøndelag er tradisjonsområda ho har fordjupa seg mest i. Repertoaret hennar spennar frå salmar og bånsullar, til slåttestev og skillingsviser. Ho er ein allsidig formidlar av både tradisjonell folkemusikk, arrangert folkemusikk og nykomponert musikk.

Plassen har motteke fleire talentstipend, og i 2019 vart ho valt som Hilmartalent, ein nasjonal talentpris for folkemusikk og folkedans. Synnøve Brøndbo Plassen har fleire gode plasseringar på norske folkemusikk-tevlingar og har vorte kåra til årets dansespelmann.

Artistmedlemmer:

Synnøve Brøndbo Plassen, vokal



konsert/dans

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.