OktoberFolk

Arrangementsinformasjon

OktoberFolk 
2 dagar - 6 konsertar - 3 arenaer 

Fredag 23. - laurdag 24. oktober 2020

Sakna du årets Førdefestival? Då er det berre å glede seg til OktoberFolk 23.-24. oktober i Førde! Med artistar som Polkabjørn & Kleine Heine (foto), Moenje, Sharqant, Ole Nilsen & Ingrid Stuhaug, Habadekuk* og 9 Grader Nord, byr Førdefestivalen på ein musikalsk vitaminpille av dei sjeldne. Dette er noko for deg som elskar musikk og som diggar musikk i ulike taktartar og med ulikt opphav, og for deg som er klar for å utvide musikkhorisonten din litt. Frå tre arenaer kan du få med deg stemningsfulle arabiske tonar i Førde kyrkje, ein rotekte norsk folkemusikkonsert på Kafé Sobra og fire konsertar med tilnærma grenselause musikkopplevingar på Larris Scene. Kom på OktoberFolk og få ein herleg musikalsk opptur, som gjer at du kan gå november lyst i møte.

Alle konsertane vert servert i koronatilpassa rammer, med tilhøyrande smitteverntiltak.

PROGRAM

Fredag 23. oktober på Larris Scene

Dørene opnar kl. 20.00. Konsertar frå kl. 21.00 med


MOENJE

POLKABJØRN & KLEINE HEINE 

Laurdag 24. oktober

Kl. 12.30 OLE NILSSEN & INGRID STUHAUG | Gratis lunsjkonsert på Kafé SOBRA

Kl. 19.00 SHARQANT | Førde kyrkje 

  

På Larris Scene 

Dørene opnar kl. 20.00. Konsertar frå kl. 21.00 med:

GAMMALGRASS

9 GRADER NORD   


Les meir om artistane   

----------------------------------------------------------

HUGS: Hald avstand | Bli heime om du er sjuk | God hand- og hostehygiene | Desinfiser på veg inn- og ut av konsertlokalet | Respekter arrangøren sine retningslinjer | Ta vare på kvarandre


BILLETTAR

Til OktoberFest har vil følgjande billettkategoriar:

  • OKTOBERFOLK - PASS - Gyldig for alle konsertar fredag og laurdag* 
  • Larris Scene FREDAG
  • Larris Scene LAURDAG
  • Kyrkjekonsert Sharqant LAURDAG 
  • Lunsjkonserten på Kafé SOBRA laurdag er gratis.

*Passbillett vert bytt i armband på første konsert du kjem på. 

NB! Om du kjøper billettar til fleire enn deg sjølv, er det du som er kontaktperson for gruppa dersom vi må setje i verk smittesporing.  


FØLGJEKORT Fritt tilgjenge/fribillett for følgjeperson til funksjonshemma/ rullestolbrukar. Gyldig følgjekort må visast ved billettkjøp. Fribillett til følgjeperson kan bestillast ved å ringje Førdefestivalen på tlf 46905010. Det er berre Førdefestivalen som kan skrive ut fribillettar.


COVID19-TILTAK PÅ LARRIS SCENE: 

  • Billettar vert selde gjennom TicketCo. Viss du kjøper billettar for fleire er det du som er kontaktperson for 'gruppa' di dersom det blir naudsynt med smittesporing.
  • Billettsal på TicketCo og ved inngang. Vakter passar på at folk held 1m avstand i eventuell kø. 
  • Handsprit er tilgjengelig fleire plasser i lokalet. Det er og oppslag om avstand og renhold fleire plassar i lokalet.
  • Lokalet er rigga med enkle stoler og bord slik at ein held avstand til andre.
  • Alle kontaktpunkt / bord / serveringsutstyr vert hyppig reingjort.
  • Personar som ikkje overheld reglar vil verte vist vekk frå Larris.
  • Alle servering av drikke skjer med bordservering.
  • Personar som er sjuke og har influensa/forkjølelses sympton blir bedt om å halde seg heime.
  • Det er ikkje mulighet til å flytte bord og stoler slik at avstand vert mindre enn 1 meter. Om du kjem saman med fleire og treng ekstra stol kontakt ordensvakt/barservitør angående dette.

------------------------

ANSVARSFRÅSKRIVING

Tap av billetten: Billetten er eit verdipapir. Vi refunderer ikkje tapte eller ubrukte billettar.

Angrerett: Det er ikkje angrerett på kjøp av billettar.

Endring av tidspunkt: Arrangøren har rett til å endre tid og dato for arrangementet. Ved endra tid og/eller dato vil billetten vere gyldig for nytt tidspunkt.

Endring av plassering: Arrangøren har rett til å endre plassering av arrangementet. Slik endring skal ikkje vere lengre enn 30 minutt med kollektiv transport frå opphavleg plassering.

Endring av innhald: Arrangør har rett til å endre eller avlyse enkelte av konsertane. Det vert ikkje rekna som avlysing med mindre ALLE innslag vert avlyste.

Avlysing: Arrangøren har rett til å avlyse arrangementet. Ved avlyst arrangement blir billetten refundert. Billettavgift vert ikkje refundert. Ved avlyst arrangement kan Kjøparen ikkje fremme andre krav enn refusjon etter dette punktet. Avlysing i ein force majeure situasjon vert regulert etter punktet under.

Force majeure: Force majeure trer i kraft ved ekstraordinære situasjonar som ligg utanfor Arrangøren sin kontroll som: 1. i vesentleg grad gjer det vanskeleg å gjennomføre arrangementet på ein fornuftig måte, 2. gjer det vanskeleg å oppfylle øvrige plikter etter avtalen (herunder, men ikkje avgrensa til orkan, tsunami, krigsutbrot, terrorangrep, pandemi, epidemi, brann, streik, samfunnstrugsmål som innebærer restriksjonar, pålegg, tilrådingar eller liknande frå styresmakter, landesorg, flom, storm, naturkatastrofer).

Verknaden av force majeure: Ved force majeure vil arrangøren sine plikter overfor billettkjøparane falle bort, herunder Arrangøren sitt ansvar for å gjennomføre arrangementet, Kjøpar sin eventuelle rett til refundering av billettpris samt billettavgift, erstatning eller prisavslag. Kjøparen kan heller ikkje fremme andre krav mot Arrangøren. Dersom arrangementet ikkje kan gjennomførast på grunn av  styresmaktene sine restriksjonar knytt til covid-19 virus eller andre pandemiar eller sjukdommar, er dette å sjå på som ein force majeure-situasjon.

Varsling: Om Arrangøren vil nytte force majeure skal Kjøparen varslast umiddelbart på epostadresse som er oppgitt. Dersom Kjøparen ikkje har registrert e-postadresse i samband med kjøpet, fell Arrangøren si varslingsplikt bort.

Med atterhald om trykkfeil og endringar i programmet.

folkemusikk
konsertar
førdefestivalen
førde
larrisscene
scandicsunnfjordhotel
sunnfjord
oktoberfolk
9gradernord
polkabjørnogkleineheine
sharqant
moenje
levandemusikk
førdekyrkje
kafesobra
gammalgrass

Restriksjoner

Konsertane på LARRIS SCENE har aldersgrense 20 år.