MEELODI

Arrangementsinformasjon
Ole André Farstad og Medi Farmani i duoen Meelodi er velkjende for sin eigenarta musikkstil. Uttrykket byggjer på Farstad sine omfattande studier av alle slags strengeinstrument i verda, Farmani sin persiske vokal og tekstar frå namn som Omar Khayyam og Rumi. Bergensduoen er no utvida til eit større ensemble som omfattar Snorre Bjerck på perkusjon, Torbjørn Hillersøy på bass, Per Jørgensen på trompet, og ikkje minst syriske Nawar Alnaddaf og hennar utanomjordiske stemme. Den musikalske reisa går mot fjerne strøk, ­ det er berre å late att auga og nyte!

Utfyllande informasjon og eventuelle endringar finn du på på fordefestival.no.                                              

    

konsertogdans

Restriksjoner

Alle publikummarar oppmodast om å halde seg heime om ein kjenner symptom på Covid-19.
Det same gjeld om ein er i karantene, eller av annan grunn kan utgjere ein smitterisiko for andre.
Førdefestivalen tek ytterlegare atterhald for nye påbod og restriksjonar frå kommunalt eller statleg hald.

Ansvarsfraskrivelse

Selde billettar refunderast kun om arrangementet avlysast. Arrangøren tek atterhald om dei til einkvar tid gjeldande restriksjonar og påbod for kulturarrangement. Om restriksjonar eller påbod krev at arrangementet må gjennomførast med eit lågare publikumsantal enn selde billettar, vil me prioritera dei som fyrst kjøpte billett.