KARTELLET (16:00) – DANSE STAUR, DANSE STAUR

Arrangementsinformasjon
To menn og to kvinner dansar og leikar i Kartellet sitt univers. Eit univers av rå, folkeleg kraft, kombinert med tøvete leik og uventa kombinasjonar. Publikum sit midt i opplevinga, tett på rytmikk, musikk og rørsle. For første gong har Kartellet også kvinnelege dansarar med i ei framsyning. Det vil gje nye assosiasjonar og tolkingar til den inkluderande og danseriske verda deira. Å danse staur eller å staure er eit nordnorsk uttrykk for å danse med nokon av same kjønn, menn eller kvinner. Dette var vanleg mellom anna under Lofotfisket der menn dansa med menn på lik linje med å spele kort, slåst og synge. Laurdag blir det panel­debatt med Kartellet og andre om kjønnsnormer.                        

Utfyllande informasjon og eventuelle endringar finn du på på fordefestival.no.                                          

    

konsertogdans

Restriksjoner

Alle publikummarar oppmodast om å halde seg heime om ein kjenner symptom på Covid-19.
Det same gjeld om ein er i karantene, eller av annan grunn kan utgjere ein smitterisiko for andre.
Førdefestivalen tek ytterlegare atterhald for nye påbod og restriksjonar frå kommunalt eller statleg hald.

Ansvarsfraskrivelse

Selde billettar refunderast kun om arrangementet avlysast. Arrangøren tek atterhald om dei til einkvar tid gjeldande restriksjonar og påbod for kulturarrangement. Om restriksjonar eller påbod krev at arrangementet må gjennomførast med eit lågare publikumsantal enn selde billettar, vil me prioritera dei som fyrst kjøpte billett.