FolkJazzScena: Mattis Kleppen

Arrangementsinformasjon

Dørene opnar kl 19.00.  

  

MATTIS KLEPPEN - BASSGITAR 

M’balax frå Senegal, slåttemusikk frå Telemark og bluesmusikk – hand i hand på bassgitar


Mattis Kleppen spelar tradisjonell slåttemusikk frå Telemark, M´balax musikk frå Senegal og bluesmusikk solo på bassgitaren sin. Musikken let både vàr og utagerande, heftig og inkluderande. Kleppen set ulike musikksjangrar saman til ein spennande gumbo, noko som kjem til uttrykk på dei tre kritikarroste platene: “Mattis Kleppen & Resjemheia”, “El Bokko”, og den nyaste, “Bassgitar”. Mattis Kleppen har utøvande doktorgrad frå jazzlinja på NTNU, og har spelt og turnert i 25 land i løpet av sin 30 år lange karriere. Han har spelt med band og musikarar som Cucumber, Live Maria Roggen, African Pepperbirds, Bengalo, Solo Cissokho, Chick Corea, Transjoik, Sharaka Ensemble og hans eige soloprosjekt, Resjemheia.

Musikksjangrane, som er knytta til veldig ulike stadar i verda, går hand i hand og nokre gonger er det nesten som vi er alle stadar på ein gong. Historier frå reiser, i tillegg til segner om låtar og slåttar bind konserten saman og gjer verda litt mindre. I tillegg til dei nemnde tre platene i eige namn, har Mattis Kleppen spelt på rundt 30 plater med andre artistar.

 

folkjazzscena

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.