FESTIVALGALLA

Arrangementsinformasjon
Det er laurdagkveld, og vi ønskjer små og store velkomen til det som alltid er eit av høgdepunkta på festivalen i Førde, gallakonserten. Musikarane som skal på scena i kveld er meir kortreiste enn vi kanskje er vane med, men musikken dei har med seg, kjem både frå andre fylke og andre kontinent. Ta vel imot: Bjørnblakken frå Hedmarken, Kviven duo frå Nordfjord og Sunnmøre, Anders Lillebo Trio med sin keltisk­inspirerte musikk, akrobatiske dansarar frå FRIKAR - SKAUT, Novgorod med sine viltre takter frå Austersjøkysten og Busi Ncube band med autentiske rytmar heilt frå Zimbabwe.

Konferansier: Kari Slaatsveen.

Dørene opnar kl. 19.45


Utfyllande informasjon og eventuelle endringar finn du på på fordefestival.no.
konsertogdans

Restriksjoner

Alle publikummarar oppmodast om å halde seg heime om ein kjenner symptom på Covid-19.
Det same gjeld om ein er i karantene, eller av annan grunn kan utgjere ein smitterisiko for andre.
Førdefestivalen tek ytterlegare atterhald for nye påbod og restriksjonar frå kommunalt eller statleg hald.

Ansvarsfraskrivelse

Selde billettar refunderast kun om arrangementet avlysast. Arrangøren tek atterhald om dei til einkvar tid gjeldande restriksjonar og påbod for kulturarrangement. Om restriksjonar eller påbod krev at arrangementet må gjennomførast med eit lågare publikumsantal enn selde billettar, vil me prioritera dei som fyrst kjøpte billett.