page view image

Columbi Egg (fredag) - UTSELT!

Arrangementsinformasjon
event image

Klubbvert Gabriel Fliflet er tilbake på scena i intime Hugleik!


Han ønskjer velkomen til akustisk klubbstemning med gnistrande spel og lun humor. På den offisielle gjestelista i kveld: spanske Zagala, saman med norske Synnøve Brøndbo Plassen, Elias Akselsen og Stian Carstensen

Gabriel er vertskap på Columbi Egg i Hugleik også på laurdagen, her kan du kjøpe billett til laurdagen.

Dørene opnar kl 21:45.

Meir om artistane:

ZAGALA - Spania

Spanske dansetradisjonar med snertne arrangement

Zagala vart etablert i Madrid i 2015, av fem elevar av legendariske Eliseo Parra. I botn ligg ei genuin interesse for rytmar, songar og dansar i iberisk folkemusikk, inkludert tradisjonar frå dei baleariske og kanariske øyane. Zagala handlar om å  utforske spanske dansetradisjonar som jotas, seguidillas, charros, fandanguillos, ajechaos og sevillanas. Med sterk vokal og varierte arrangement på gitar, fele, tamburinar og trommer, skeier, flasker og klapping, og elles det dei har for hand, har dei utvikla eit energisk musikkuttrykk, som slo skikkeleg igjennom på WOMEX (den største internasjonale verdsmusikkmessa) i Tampere i Finland i 2019! Vi var ikkje i tvil om at vi måtte få Zagala til Førde!

Artistmedlemmer:

Josefa Gomez Llorente, Vokal (hovud)

Alba Chacón Guijarro, Tradisjonell perkusjon, vokal

Esther Sánchez Fernández, Fiolin, vokal, perkusjon

David Torrico Martín, Gitar, mandola, perkusjon, vokal

Iván Mellén Aparicio, Perkusjon, trommer


Synnøve Brøndbo Plassen - Norge

Allsidig folkemusikar med slåttetralling som spesialitet 

Slåttetrallinga til Synnøve Brøndbo Plassen har kome som eit friskt pust på den norske folkemusikkscena. Den 24 år gamle folkemusikaren, pedagogen og songaren kjem frå Folldal i Innlandet. Plassen har ein bachelor som faglærar i musikk frå Nord Universitet, Levanger, og for tida er ho student for utøvande folkemusikk ved Norges musikkhøgskole.

Oppveksten var prega av mykje musikk, særleg folkemusikk og gamaldans. Folldal, Østerdalen og Trøndelag er tradisjonsområda ho har fordjupa seg mest i. Repertoaret hennar spennar frå salmar og bånsullar, til slåttestev og skillingsviser. Ho er ein allsidig formidlar av både tradisjonell folkemusikk, arrangert folkemusikk og nykomponert musikk.

Plassen har motteke fleire talentstipend, og i 2019 vart ho valt som Hilmartalent, ein nasjonal talentpris for folkemusikk og folkedans. Synnøve Brøndbo Plassen har fleire gode plasseringar på norske folkemusikk-tevlingar og har vorte kåra til årets dansespelmann.

Artistmedlemmer:

Synnøve Brøndbo Plassen, vokal


Akselsen/Carstensen- Norge

Songar og tradisjonsformidlar Elias Akselsen lærde seg faget sitt på ein så tradisjonell måte som gjerast kan; samla rundt bålet med taterslekta si i barndommen. Som tenåring og ung mann levde han som omstreifande musikar i Sverige. Han sang mellom anna med Cornelis Vreeswijk. Etter det han sjølv skildrar som ei guddommeleg openberring på julafta i 1980 vende han heim til Norge. Sidan har han vorte predikant og ein viktig talsmann for taterane her i landet, både når det gjeld å formidle av deira spesielle songtradisjon og historia deira som ein utsett minoritet. Sidan 2000 har Akselsen gjeve ut fire plater i samarbeid med multi-instrumentalisten Stian Carstensen.

konsert/dans

Restriksjoner

Aldersgrense 18 år.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter vert ikkje refundert. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.