Bornas Verdsdag Førde 2021

Arrangementsinformasjon

Endeleg kan vi invitere til ein herleg familiefestival med verkstadar, aktivitetar, leik og moro for alle frå 0-100 år! Vi tek i bruk heile Førdehuset og kulturskulen, og byr på miniverkstader i song, musikk og dans.

Verkstadane vert leia av profesjonelle instruktørar og representerer mange ulike kulturar. Sjølve grunntanken er at born i alle aldrar skal opplev gjennom å delta. Med andre ord, dei skal få prøve seg på til dømes flamenco og capoeira, ulike rytmeinstrument, trekkspel, fele, lære nye songar og songdansar eller høyre eventyr.

Heile programmet vert lansert i byrjinga av november, men set eit lite kryss i kalenderen alt no, så du ikkje går glipp av denne fine dagen.

Bornas Verdsdag Førde vert arrangert av Førdefestivalen i samarbeid med Førdehuset, Sunnfjord kulturskule og Førde bibliotek.