Barneverkstad med Steinar Ofsdal, 3-6 år

Arrangementsinformasjon

Bli med på musikkverkstad med Steinar Ofsdal, ein av våre aller mest lidenskaplege musikarar. I meir enn 50 år har han halde på med musikk - og musikkinstrument. Steinar er aller mest kjend for å spele fløyter. Alle slags fløyter. Frå heile verda har han samla fløyter - i tillegg til andre instrument som lagar fine rytmar.

Til Førde tek han med seg mange, mange instrument, som du får prøve på denne verkstaden. Kanskje lagar han eit orkester, der du kan vere med? Det er aldri godt å vite med Steinar, han er professor og alt, og er veldig glad i å finne på ting, helst med musikk. Dette blir superkjekt!


Alle kursa vert arrangerte i gangavstand til Førdehuset. Detaljar kjem.
Les meir om kurs på
fordefestival.no
barnefolk

Restriksjoner

Alle kursdeltakarar vert oppmoda om å halde seg heime om ein kjenner symptom på Covid-19.
Det same gjeld om du er i karantene, eller av annan grunn kan utgjere ein smitterisiko for andre.
Førdefestivalen tek ytterlegare atterhald om eventuelle nye påbod og restriksjonar frå kommunalt eller statleg hald.

Ansvarsfraskrivelse

Selde billettar vert refunderte om arrangementet blir avlyst. Arrangøren tek atterhald om dei til ei kvar tid gjeldande restriksjonar og påbod for kulturarrangement. Om restriksjonar eller påbod krev at arrangementet må gjennomførast med eit lågare publikumstal enn selde billettar, vil vi prioritere dei som kjøpte billett først.