Yusan Zillya
Sterk vokal med cello og saz forener krim-tatarane og den ukrainske songaren. Dei knytter to kulturar i ei felles historie og kamp for å bevare røter og kultur.
Informasjon
Med inderleg og sterk vokal akkompagnert av cello og saz er Yusan Zillya møtet mellom krim-tatarane Djemil Karikov og dottera Nial Khalilova og den ukrainske songaren Nataliia Rybka-Parkhomenko.
Saman koplar dei to kulturar, to språk og to folk i ei felles historie i eit prosjekt som speglar tatarane sin årelange motstandskamp og utrøyttelege kjemping for å ta vare på røtene sine og kulturen sin.
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.