Barnekonsert Tippe Tippe Tue (laurdag)

Arrangementsinformasjon
Vi tek ein dose tradisjonelle slåttar, og stev, rim og regler, og blandar det med fem distriktsmusikarar på trekkspel, hardingfele og song og vips, så har vi ein Tippe tippe tue­konsert som passar for heile familien. Bli med, så får du lært deg ein song eller to, og kanskje ei ny barneregle?

I samarbeid med Den kulturelle skulesekken Vestland. Framsyninga vert også vist fredag kl.17.30.

Utfyllande informasjon og eventuelle endringar finn du på på fordefestival.no.

                                                       

    

barnefolk

Restriksjoner

Alle publikummarar oppmodast om å halde seg heime om ein kjenner symptom på Covid-19.
Det same gjeld om ein er i karantene, eller av annan grunn kan utgjere ein smitterisiko for andre.
Førdefestivalen tek ytterlegare atterhald for nye påbod og restriksjonar frå kommunalt eller statleg hald.

Ansvarsfraskrivelse

Selde billettar refunderast kun om arrangementet avlysast. Arrangøren tek atterhald om dei til einkvar tid gjeldande restriksjonar og påbod for kulturarrangement. Om restriksjonar eller påbod krev at arrangementet må gjennomførast med eit lågare publikumsantal enn selde billettar, vil me prioritera dei som fyrst kjøpte billett.