TINDRA

Arrangementsinformasjon
Når songen, fela og trekkspelet smeltar saman er Tindra eitt, og søte, særeigne, smakfulle, smygande, slaskete og svingande tonar og tekster blir formidla med stor overtyding. Utgangspunktet for trioen er den norske folkemusikktradisjonen, med særleg vekt på Rogaland. Sjølv når dei framfører eigne komposisjonar, ligg dette i botnen. Seks år etter at Tindra hadde sin førebels siste konsert, etter å ha vore ei av landets mest profilerte folkemusikkgrupper i eit heilt tiår, takka dei heldigvis ja til å samlast igjen i Førde.

Utfyllande informasjon og eventuelle endringar finn du på på fordefestival.no.

                                                       

    

    

    

konsertogdans

Restriksjoner

Alle publikummarar oppmodast om å halde seg heime om ein kjenner symptom på Covid-19.
Det same gjeld om ein er i karantene, eller av annan grunn kan utgjere ein smitterisiko for andre.
Førdefestivalen tek ytterlegare atterhald for nye påbod og restriksjonar frå kommunalt eller statleg hald.

Ansvarsfraskrivelse

Selde billettar refunderast kun om arrangementet avlysast. Arrangøren tek atterhald om dei til einkvar tid gjeldande restriksjonar og påbod for kulturarrangement. Om restriksjonar eller påbod krev at arrangementet må gjennomførast med eit lågare publikumsantal enn selde billettar, vil me prioritera dei som fyrst kjøpte billett.