THE KURAYBERS / VALKYRIEN ALLSTARS - UTSELD

Arrangementsinformasjon

Først ut denne fine fredagskvelden på festival­hotellet er The Kuraybers, ein musikargjeng som brukar Europa som dansegolv. Dei kjem frå Serbia, Bosnia, Bulgaria og Norge og er grenselaust allsidige når det gjeld sjangrar og stilar. Humør og spele­glede står høgt i kurs når alt frå folkemusikk, eigne komposisjonar og klassisk musikk, vert blanda med improvisasjonar og jazz. The Kuraybers formar kvar tone til noko heilt unikt – som er deira!

Band nummer to er ingen ringare enn vår eiga Tuva Syvertsen i spissen for Valkyrien Allstars. Sidan sist dei spelte i Førde har dei halde fram med å utforske og utfordre bruken av tradisjonelle instrument og tradisjonsmusikk i eit moderne og rocka uttrykk. Gjennom tallause konsertar i inn-­ og utland, har dei utvikla seg til eit solid og leikande konsertband som aldri spelar to like konsertar.

Arrangementet har 18 års aldersgrense.


Utfyllande informasjon og eventuelle endringar finn du på på fordefestival.no.


konsertogdans

Restriksjoner

Alle publikummarar oppmodast om å halde seg heime om ein kjenner symptom på Covid-19.
Det same gjeld om ein er i karantene, eller av annan grunn kan utgjere ein smitterisiko for andre.
Førdefestivalen tek ytterlegare atterhald for nye påbod og restriksjonar frå kommunalt eller statleg hald.

Ansvarsfraskrivelse

Selde billettar refunderast kun om arrangementet avlysast. Arrangøren tek atterhald om dei til einkvar tid gjeldande restriksjonar og påbod for kulturarrangement. Om restriksjonar eller påbod krev at arrangementet må gjennomførast med eit lågare publikumsantal enn selde billettar, vil me prioritera dei som fyrst kjøpte billett.