Tett På-passet 09.juli

Arrangementsinformasjon

Tett På - passet gjev inngong på følgjande arrangement;

Alexander Aga Røynstrand har dei siste åra markert seg som ein av dei aller fremste utøvarane på hardingfele i landet. På Landskappleiken i 2019 spelte han seg heilt til topps i A-­klassa for hardingfele, og vann med det kongepokal. Røynstrand er solid forankra i den rike folkemusikktradisjonen i Hardanger, og er kjend som ein framifrå formidlar av både gamle slåttetradisjonar og nyare materiale.

Sanskriti Shrestha, ein av dei leiande tablaspelarane i Norge, og fiolinisten Harpreet Bansal er ein del av ein ny generasjon musikarar i Oslo som opererer i skjeringspunkt mellom ulike sjangrar og kulturar. Dei har begge røter i klassisk indisk raga, og som duo er det denne tradisjonen dei reindyrkar.

Granlien ser på seg sjølv som ein forteljar. Repertoaret hennar kan dra linjer langt tilbake i tid, men teks­tane handlar om det medmenneskelege og kjennest alltid aktuelle. Camilla Granlien har kongepokal frå Landskappleiken. Ho er aktiv med eige band og i andre konstellasjonar i norsk folkemusikk, men i dag får du Granlien solo.

Kjøparar av Tett på-passet vert tilsendt unike billettar til dei tre konsertane på epost.

Utfyllande informasjon og eventuelle endringar finn du på på fordefestival.no.

konsertogdans

Restriksjoner

Alle publikummarar oppmodast om å halde seg heime om ein kjenner symptom på Covid-19.
Det same gjeld om ein er i karantene, eller av annan grunn kan utgjere ein smitterisiko for andre.
Førdefestivalen tek ytterlegare atterhald for nye påbod og restriksjonar frå kommunalt eller statleg hald.

Ansvarsfraskrivelse

Selde billettar refunderast kun om arrangementet avlysast. Arrangøren tek atterhald om dei til einkvar tid gjeldande restriksjonar og påbod for kulturarrangement. Om restriksjonar eller påbod krev at arrangementet må gjennomførast med eit lågare publikumsantal enn selde billettar, vil me prioritera dei som fyrst kjøpte billett.