Tett På-passet 10.juli

Arrangementsinformasjon

Tett På - passet gjev inngong på følgjande arrangement;

Håkon Høgemo;
Svært få kan så mykje om hardingfeletradisjonar som Håkon Høgemo, vert det sagt, og få spelar nasjonalinstrumentet vårt betre enn denne høgt respekterte meisterspelemannen frå Øvre Årdal.
I følgje sikre kjelder (han sjølv!) tel repertoaret hans over 1000 slåttar, dei fleste frå Sogn, Voss, Hardanger og Valdres. På denne konserten får du servert eit eksklusivt utval, krydra med kunnskapsrike og snertne kjeldehistorier, i smålåten Høgemo­stil.

Øyvind Brabant;
Unn deg ei fin stund i selskap med ein av dei verkelege meistrane i norsk hardingfelespel, Øyvind Brabant frå Nesbyen. Han følgjer i fotspora til læremeistrane sine, Odd Bakkerud, Knut Myrann og Jens A. Myro og er ein av dei fremste tradisjons­bærarane i Hallingdal.

Steinar Ofsdal;
I meir enn 50 år har Steinar Ofsdal formidla musikk og folkemusikk land og strand rundt. I tillegg til eigne plater har han medverka på over 250 plate­innspelingar med andre artistar, i dei fleste sjangrar. Velkomen til eit møte med fenomenet Steinar Ofsdal, hans musikk og inspirasjonskjelder. Han er kjend for sine mange fløyter i alle storleikar og fasongar, men musikaren utfaldar seg også gjerne på andre instrument han har samla seg.

Kjøparar av Tett på-passet vert tilsendt unike billettar til dei tre konsertane på epost.

Utfyllande informasjon og eventuelle endringar finn du på på fordefestival.no.

konsertogdans

Restriksjoner

Alle publikummarar oppmodast om å halde seg heime om ein kjenner symptom på Covid-19.
Det same gjeld om ein er i karantene, eller av annan grunn kan utgjere ein smitterisiko for andre.
Førdefestivalen tek ytterlegare atterhald for nye påbod og restriksjonar frå kommunalt eller statleg hald.

Ansvarsfraskrivelse

Selde billettar refunderast kun om arrangementet avlysast. Arrangøren tek atterhald om dei til einkvar tid gjeldande restriksjonar og påbod for kulturarrangement. Om restriksjonar eller påbod krev at arrangementet må gjennomførast med eit lågare publikumsantal enn selde billettar, vil me prioritera dei som fyrst kjøpte billett.