TETT PÅ: JOVAN PAVLOVIC

Arrangementsinformasjon
Serbiske Jovan Pavlovic er komponist og ein av våre mest etablerte og etterspurde profesjonelle trekkspelarar, også internasjonalt. Sidan han plukka opp trekkspelet i 5-­årsalderen har han vore oppslukt av å spele og skape musikk. Pavlovic er ein leiken virtuos, og ein audmjuk formidlar av det beste i musikken. I 2020 vart han utnemnd til ‘Årets bykunstnar’ i Trondheim. Velkomen til eit møte med ein kulturpersonlegdom og brubyggjar som har ei fantastisk reise bak seg.

Utfyllande informasjon og eventuelle endringar finn du på på fordefestival.no.
                                             

    

    

konsertogdans

Restriksjoner

Alle publikummarar oppmodast om å halde seg heime om ein kjenner symptom på Covid-19.
Det same gjeld om ein er i karantene, eller av annan grunn kan utgjere ein smitterisiko for andre.
Førdefestivalen tek ytterlegare atterhald for nye påbod og restriksjonar frå kommunalt eller statleg hald.

Ansvarsfraskrivelse

Selde billettar refunderast kun om arrangementet avlysast. Arrangøren tek atterhald om dei til einkvar tid gjeldande restriksjonar og påbod for kulturarrangement. Om restriksjonar eller påbod krev at arrangementet må gjennomførast med eit lågare publikumsantal enn selde billettar, vil me prioritera dei som fyrst kjøpte billett.