TETT PÅ: HÅKON HØGEMO

Arrangementsinformasjon
Svært få kan så mykje om hardingfeletradisjonar som Håkon Høgemo, vert det sagt, og få spelar nasjonalinstrumentet vårt betre enn denne høgt respekterte meisterspelemannen frå Øvre Årdal.
I følgje sikre kjelder (han sjølv!) tel repertoaret hans over 1000 slåttar, dei fleste frå Sogn, Voss, Hardanger og Valdres. På denne konserten får du servert eit eksklusivt utval, krydra med kunnskapsrike og snertne kjeldehistorier, i smålåten Høgemo­stil.

Tips;
Kjøp "Tett På-passet" HER, og få alle laurdagens Tett På-konsertar til kr 300,-

Utfyllande informasjon og eventuelle endringar finn du på på fordefestival.no.
konsertogdans

Restriksjoner

Alle publikummarar oppmodast om å halde seg heime om ein kjenner symptom på Covid-19.
Det same gjeld om ein er i karantene, eller av annan grunn kan utgjere ein smitterisiko for andre.
Førdefestivalen tek ytterlegare atterhald for nye påbod og restriksjonar frå kommunalt eller statleg hald.

Ansvarsfraskrivelse

Selde billettar refunderast kun om arrangementet avlysast. Arrangøren tek atterhald om dei til einkvar tid gjeldande restriksjonar og påbod for kulturarrangement. Om restriksjonar eller påbod krev at arrangementet må gjennomførast med eit lågare publikumsantal enn selde billettar, vil me prioritera dei som fyrst kjøpte billett.