Spring du fela

Arrangementsinformasjon

Spring du fela hyller gamle heltar med nye songar, og i fjor kom dei ut med si andre plate, “Ein skyttel full av song». Mari Skeie Ljones har leita fram historiene og gjeve dei til Ruth Lillegraven, Anna Kleiva, Gaute M. Sortland, Sigrid S. Botheim, Torbjørn Ljones og Hilde Myklebust, som med frie tøyler har skrive nye tekstar. I varierte og spennande arrangement og med stødig vokal leverer Spring du fela skeive drikkeviser, drøymande bånsuller og eit omvendt draumkved eller fleire.

Utfyllande informasjon og eventuelle endringar finn du på på fordefestival.no.

konsertogdans

Restriksjoner

Alle publikummarar oppmodast om å halde seg heime om ein kjenner symptom på Covid-19.
Det same gjeld om ein er i karantene, eller av annan grunn kan utgjere ein smitterisiko for andre.
Førdefestivalen tek ytterlegare atterhald for nye påbod og restriksjonar frå kommunalt eller statleg hald.

Ansvarsfraskrivelse

Selde billettar refunderast kun om arrangementet avlysast. Arrangøren tek atterhald om dei til einkvar tid gjeldande restriksjonar og påbod for kulturarrangement. Om restriksjonar eller påbod krev at arrangementet må gjennomførast med eit lågare publikumsantal enn selde billettar, vil me prioritera dei som fyrst kjøpte billett.