Songkurs med Camilla Granlien

Arrangementsinformasjon

Er du glad i å synge, er dette kurset det rette for deg!

Camilla Granlien har fordjupa seg i songskattane frå Gudbrandsdalen, med ballader, bånsuller, stev og kjærleiksviser – og dette stoffet blir utgangspunkt for undervisninga på kurset. I tillegg kan det hende du får møte Camilla sine nyskrivne melodiar, med tekstar av Tor Jonsson, Olav Aukrust og Bjørnstjerne Bjørnson!

Camilla Granlien er frå Furnes utanfor Hamar, men bur på Lillehammer. Ho er ein av våre beste folkesongarar og kan skilte med både siger i eliteklassen og kongepokal frå Landskappleiken. Granlien  har òg ei rad plateutgjevingar bak seg, med flott mottaking frå presse og publikum.

Camilla har masterutdanning innan tradisjonskunst og lang røynsle i undervisning, frå barnehageborn til musikkøgskulestudentar.

Camilla Granlien kan du oppleve i konsertserien ‘Tett på’ fredag 9. juli, og i folkemusikkgruppa «Spring du fela», som har konsert på Larris Scene, laurdag 10. juli. 


Alle kurs går i Førde gåavstand frå Førdehuset.  
                                                    

    

kursogkonferanse

Restriksjoner

Alle kursdeltakarar vert oppmoda om å halde seg heime om ein kjenner symptom på Covid-19.
Det same gjeld om du er i karantene, eller av annan grunn kan utgjere ein smitterisiko for andre.
Førdefestivalen tek atterhald om eventuelt nye påbod og restriksjonar frå kommunalt eller statleg hald.

Ansvarsfraskrivelse

Selde billettar vert berre refunderte dersom arrangementet vert avlyst. Arrangøren tek atterhald om dei til ei kvar tid gjeldande restriksjonar og påbod for kulturarrangement. Om restriksjonar eller påbod krev at arrangementet må gjennomførast med eit lågare publikumstal enn selde billettar, vil vi prioriter dei som kjøpte billett først.