SARAH-JANE SUMMERS / JUHANI SILVOLA & SØLVSTRØK

Arrangementsinformasjon
Bli med på ei reise full av overraskingar og musikalske krumspring når den skotsk/finske duoen Sarah­-Jane Summers & Juhani Silvola samlar elleve norske musikarar frå folkemusikk og klassisk, til å framføre spennande stryke­arrangement av tradisjonsmusikk og nye komposisjonar. På reisa får du servert ein orkestral cocktail, der fengande takter frå skotsk og nordisk folkemusikk får ein smak av klassisk og til og med eit hint av samtidsmusikk.

Utfyllande informasjon og eventuelle endringar finn du på på fordefestival.no.
konsertogdans

Restriksjoner

Alle publikummarar oppmodast om å halde seg heime om ein kjenner symptom på Covid-19.
Det same gjeld om ein er i karantene, eller av annan grunn kan utgjere ein smitterisiko for andre.
Førdefestivalen tek ytterlegare atterhald for nye påbod og restriksjonar frå kommunalt eller statleg hald.

Ansvarsfraskrivelse

Selde billettar refunderast kun om arrangementet avlysast. Arrangøren tek atterhald om dei til einkvar tid gjeldande restriksjonar og påbod for kulturarrangement. Om restriksjonar eller påbod krev at arrangementet må gjennomførast med eit lågare publikumsantal enn selde billettar, vil me prioritera dei som fyrst kjøpte billett.