Kurs: Rumba Catalana dans - UTSELT!

Arrangementsinformasjon

Fredag 6. juli kl. 09:30-11:30      Førdehuset, sakralrommet, 2. etg. 

Rumba catalana dans 

Instruktørar: Raquel Vicente og Enrique Serviole

Rumba catalana, flamenco rumba eller rumba flamenca – denne musikk- og dansestilen er influert både av cubansk rumba og spansk flamenco, utvikla først på 1900-talet sør i Spania før den breidde seg nordover og vart vidareutvikla i sigøynarmiljøa i Catalonia, særleg Barcelona.  Dansen har som musikken influensar både frå flamenco, rumba og salsa; her er fest og glede, masse energi - og stort rom for improvisasjon.

Raquel Vicente er utdanna både som skodespelar og dansar innan mange ulike sjangrar, og har òg utdanning som dansepedagog. Ho har samarbeidd med mange ulike ensemble, og driv no sitt eige dansekokompani, Quindalé. Enrique Serviole kjem frå ei stor musikarslekt og har dansa frå han var liten gutunge, i sigøynarbryllaup og andre samkomer. Både salsa og flamenco-tradisjonane er tydelege i dansen hans, samstundes som han er ein innovatør med  ein personleg stil som begeistrar publikum. Begge desse dansarane opptrer òg saman med Muchacho y Los Sobrinos som har fleire opptredenar under festivalen.