Polskurs med Ole Nilssen

Lær deg Norges mest populære folkedans!
Polsen er ein dans som appellerer og suggerer, ein dans som er slik at du får lyst til å danse den heile natta lang! Rytmen, draget, den berusande rundsnuen – det er noko med polsen som gjer at den har blitt populær langt utover sine kjerneområde. Og no har du sjansen til å lære stega og taka som skal til for å kjenne på noko av dette!
Kurset går over 2 dagar:
Del 1: torsdag 07.07. kl 16:00 - 18:00
Del 2: fredag 08.07. kl 10:00 - 12:00
Instruktør Ole Nilssen er både musikar og dansar, og har vunne eliteklassen i dans på Landskappleiken to gonger. Han er ein erfaren danseinstruktør og har hatt mange polskurs opp gjennom åra.
Det er ein fordel at du har noko danserøynsle for å vere med på dette kurset.
Ansvarsfraskrivelse
Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.