Perkverket
*URFRAMFØRING*
Informasjon
Perkverket er perkusjonist Birger Mistereggen sin store draum om ein konsert som samlar trommeslagarar og slagverkstradisjonar frå fleire verdsdelar.
Jon Balke er både komponist og utøvar, og saman med:
- Helge Norbakken
- Kaveh Mahmudiyan
- Sanskriti Shresta
- Michaela Antalová
- Nora Sjøgren
- Jakop Janssønn
- Solo Diarra
- Birger Mistereggen sjølv
skaper dei eit unikt møte mellom tablas og norske trommeslåttar, persiske og samiske rammetrommer, syngande trommeskinn, tunge groovar, heftige tuttiparti og solistiske eskapadar.
I samarbeid med Riksscenen.
Støtta av Norsk Kulturråd, Musikkfondene, Fond for utøvande kunstnarar og Creos vederlagsfond. .
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.