OPNINGSKONSERT: HEIME

Arrangementsinformasjon
Gode publikum!
I kveld skal vi vere heime, men vi skal likevel ut i verda. Alle artistane på scena i kveld har Norge som adresse, men mange av dei har også eit anna heimland. Dei kjem frå ein annan kultur, og har med seg ein annan musikktradisjon. Årets opnings­konsert er like internasjonal som den plar vere. Verda kjem til Førde i år også, men den er litt meir kortreist. Musikken og dansen i kveld tek oss til fleire stadar i Norge, men også til Spania, Serbia, Afghanistan, Iran og Sapmi når desse flotte artistane inntek scena: Kartellet, Meelodi, Kajsa Balto, Hamid Sakhizada, Kvedarkvintetten og RIID. Konferansierar for kvelden er Irene Kinunda Afriyie og Finn Tokvam.

Dørene opnar kl. 19.15.


Utfyllande informasjon og eventuelle endringar finn du på på fordefestival.no.                  

    

    

konsertogdans

Restriksjoner

Alle publikummarar oppmodast om å halde seg heime om ein kjenner symptom på Covid-19.
Det same gjeld om ein er i karantene, eller av annan grunn kan utgjere ein smitterisiko for andre.
Førdefestivalen tek ytterlegare atterhald for nye påbod og restriksjonar frå kommunalt eller statleg hald.

Ansvarsfraskrivelse

Selde billettar refunderast kun om arrangementet avlysast. Arrangøren tek atterhald om dei til einkvar tid gjeldande restriksjonar og påbod for kulturarrangement. Om restriksjonar eller påbod krev at arrangementet må gjennomførast med eit lågare publikumsantal enn selde billettar, vil me prioritera dei som fyrst kjøpte billett.