Novgorod

Arrangementsinformasjon
Novgorod gjev deg musikken frå låge trebyar ved Austersjøen, frå hovudlause vodkafestar med saltagurk, honning og smetana i nye lågblokker frå etterkrigstida. Dei kjem med den fyrrige musikken som rann ut frå cabaretlokalet, som flaut opp frå dansebana ved elva – og valsane, verdas vakraste. Musikken er russisk, finsk, jødisk, nordsvensk og sigøynersk. Moll­dominert og melankolsk. Vill og vital!

Utfyllande informasjon og eventuelle endringar finn du på på fordefestival.no.
                                                       

    

konsertogdans

Restriksjoner

Alle publikummarar oppmodast om å halde seg heime om ein kjenner symptom på Covid-19.
Det same gjeld om ein er i karantene, eller av annan grunn kan utgjere ein smitterisiko for andre.
Førdefestivalen tek ytterlegare atterhald for nye påbod og restriksjonar frå kommunalt eller statleg hald.

Ansvarsfraskrivelse

Selde billettar refunderast kun om arrangementet avlysast. Arrangøren tek atterhald om dei til einkvar tid gjeldande restriksjonar og påbod for kulturarrangement. Om restriksjonar eller påbod krev at arrangementet må gjennomførast med eit lågare publikumsantal enn selde billettar, vil me prioritera dei som fyrst kjøpte billett.