MORGONRODE

Arrangementsinformasjon
Morgonrode med tradisjonell og improvisert musikk. Rasmus Kjorstad, Selma French Bolstad, Helga Myhr, Fredrik Luhr Dietrichson og Andreas Winther har spelt saman sidan 2015 og vore i aksjon på fleire av dei store folkemusikkscenene og ­festivalane i Norge. Musikken er energifull, tankefull, drivande, var og utforskande, og repertoaret spenner frå springarar og gangarar til salmar, viser og bånsullar.
                                                                        

Utfyllande informasjon og eventuelle endringar finn du på på fordefestival.no.

                                                       

    

                                                 

    

konsertogdans

Restriksjoner

Alle publikummarar oppmodast om å halde seg heime om ein kjenner symptom på Covid-19.
Det same gjeld om ein er i karantene, eller av annan grunn kan utgjere ein smitterisiko for andre.
Førdefestivalen tek ytterlegare atterhald for nye påbod og restriksjonar frå kommunalt eller statleg hald.

Ansvarsfraskrivelse

Selde billettar refunderast kun om arrangementet avlysast. Arrangøren tek atterhald om dei til einkvar tid gjeldande restriksjonar og påbod for kulturarrangement. Om restriksjonar eller påbod krev at arrangementet må gjennomførast med eit lågare publikumsantal enn selde billettar, vil me prioritera dei som fyst kjøpte billett.