MØT ARTISTEN: JAVID AFSARI RAD

Arrangementsinformasjon
NOWOR, eller Norwegian World Orchestra, er ei slags oppsummering av min musikalske karriere, seier Javid Afsari Rad. Han er komponist og arrangør, og spelar persisk santur, og bar lenge på draumen om å samle musikarane han spelt med over så lang tid i Rumi Ensemble og ComboNations. Dei har bakgrunn frå klassisk og folkemusikk, og røter i Iran, Mali, India og Senegal ­ og saman skaper dei eit heilt spesielt musikkuttrykk.

Møt artisten i Utstillingssalen, Førdehuset

Fri entrè

Utfyllande informasjon og eventuelle endringar finn du på på fordefestival.no.
kursogkonferanse

Restriksjoner

Alle publikummarar oppmodast om å halde seg heime om ein kjenner symptom på Covid-19.
Det same gjeld om ein er i karantene, eller av annan grunn kan utgjere ein smitterisiko for andre.
Førdefestivalen tek ytterlegare atterhald for nye påbod og restriksjonar frå kommunalt eller statleg hald.