Med døra på gløtt

Arrangementsinformasjon

I denne framsyninga gløttar folkemusikarane Tuva Færden og Kirsti Bakken Kristiansen på døra inn til sine ulike musikalske rom. I samarbeid med danse­kunstnar Indra Lorentzen har dei utfordra seg sjølv og kvarandre for å få fram ulike utrykk innan rørsle, dans, stemme og song.

Utfyllande informasjon og eventuelle endringar finn du på på fordefestival.no.

konsertogdans

Restriksjoner

Alle publikummarar oppmodast om å halde seg heime om ein kjenner symptom på Covid-19.
Det same gjeld om ein er i karantene, eller av annan grunn kan utgjere ein smitterisiko for andre.
Førdefestivalen tek ytterlegare atterhald for nye påbod og restriksjonar frå kommunalt eller statleg hald.

Ansvarsfraskrivelse

Selde billettar refunderast kun om arrangementet avlysast. Arrangøren tek atterhald om dei til einkvar tid gjeldande restriksjonar og påbod for kulturarrangement. Om restriksjonar eller påbod krev at arrangementet må gjennomførast med eit lågare publikumsantal enn selde billettar, vil me prioritera dei som fyrst kjøpte billett.