MARGIT MYHR – SVIV

Arrangementsinformasjon

SVIV isolerer og utforskar ei enkelt rørsle frå den norske folkedansen og set den inn i ein ny saman­ heng der dans, levande musikk og videokunst går saman i ein visuelt samhandlande heilskap. Uttrykket er innovervendt, poetisk og hypnotiserande, og tar publikum med på ei sjeldan oppleving som opnar mange rom ­ også for eigne refleksjonar og opplevingar.

Utfyllande informasjon og eventuelle endringar finn du på på fordefestival.no.

konsertogdans

Restriksjoner

Alle publikummarar oppmodast om å halde seg heime om ein kjenner symptom på Covid-19.
Det same gjeld om ein er i karantene, eller av annan grunn kan utgjere ein smitterisiko for andre.
Førdefestivalen tek ytterlegare atterhald for nye påbod og restriksjonar frå kommunalt eller statleg hald.

Ansvarsfraskrivelse

Selde billettar refunderast kun om arrangementet avlysast. Arrangøren tek atterhald om dei til einkvar tid gjeldande restriksjonar og påbod for kulturarrangement. Om restriksjonar eller påbod krev at arrangementet må gjennomførast med eit lågare publikumsantal enn selde billettar, vil me prioritera dei som fyrst kjøpte billett.