Kvedarkvintetten - TAGAL

Arrangementsinformasjon
Kvedarkvintetten er ei av dei leiande vokal­gruppene i Norge, og kjem til Førde med Tagal, eit spesialkomponert verk av Jorun Marie Kvernberg. Tagal tyder å teie still, vere taus eller ordlaus, og å ‘låte på kjafte’, låttetralling eller å synge slåttar, er
ei grein innan tradisjonell folkesong. Det handlar om å finne si individuelle trallestemme, der du improviserer i eit ordlaust språk og finn fram til stavingane og lydane som minner mest om fele­spelet. Kvedarkvintetten har gått i djupna på dette dei siste åra, og er unike ved at dei har funne fram til eit felles trallespråk for fem stemmer.                                                 

   
Utfyllande informasjon og eventuelle endringar finn du på på fordefestival.no.                                          

    

konsertogdans

Restriksjoner

Alle publikummarar vert oppmoda om å halde seg heime om ein kjenner symptom på Covid-19.
Det same gjeld om ein er i karantene, eller av annan grunn kan utgjere ein smitterisiko for andre.
Førdefestivalen tek ytterlegare atterhald for nye påbod og restriksjonar frå kommunalt eller statleg hald.

Ansvarsfraskrivelse

Selde billettar refunderast kun om arrangementet avlysast. Arrangøren tek atterhald om dei til einkvar tid gjeldande restriksjonar og påbod for kulturarrangement. Om restriksjonar eller påbod krev at arrangementet må gjennomførast med eit lågare publikumsantal enn selde billettar, vil me prioritera dei som fyrst kjøpte billett.