Kurs: Songkurs med Mahsa Vahdat

Arrangementsinformasjon

Fredag 5. juli kl. 10:00-12:00  

Førde barneskule

Songkurs med Mahsa Vahdat

Instruktør: Mahsa Vahdat

Til alle songinteresserte – ikkje gå glipp av dette!  Det er eit unikt høve til å møte ein fabelaktig utøvar og å bli kjent med ein flik at den rike og usigeleg vakre persiske songskatten.

Mahsa Vahdat har ei stemmeprakt med ein kjenslevar klang og ei uimotståeleg kraft som har ført henne til konsertsalar over heile verda, og til samarbeid med eit mangfald av musikarar frå fleire kontinent; frå Knut Reiersrud til Vertavo-kvartetten. Men i sitt eige heimland, Iran, kan ho ikkje synge offentleg – fordi ho er kvinne. 

På Førdefestivalen har ho imidlertid fått plass på scena fleire gonger; ho tok publikums hjarte med storm med konsertane sine under Førdefestivalen 2014, saman med søstera Marjan og medmusikarane deira. Og i 2015 var ho ein av dei musikalske leiarane for festivalen sitt internasjonale talentutviklingsprosjekt, der også fleire unge kvinnelege musikarar frå Iran fekk sleppe til.

Mahsa er altså både ein stor utøvar og ein røynd pedagog, så her er det mykje lærdom å hente, både songteknisk og i klokskap og visdom rundt songframføring og kulturtradisjonar.

I denne videoen får du både høyre songkunsten hennar og hennar tankar rundt den.
https://www.youtube.com/watch?v=WFWxg9jARWc


kurs