Kurs: Afrikansk dans med Dizu Plaatjies

Arrangementsinformasjon

Fredag 5. juli kl. 10:00-12:00  

Førde barneskule, gymsalen

Afrikansk dans med Dizu Plaatjies

Instruktør: Dizu Plaatjies

I Sør-Afrika blir det dansa ved alle høve; på lokalfesten, på politiske møter eller i demonstrasjonstog, i bryllaup og i gravferd – og du treng ingen dansepartnar! Her kan du danse heilt for deg sjølv, men gjerne saman med andre. Individualistisk og sosialt på same tid, altså, og med stort rom for leik og improvisasjon.

På dette kurset kan du prøve ut dette under kyndig leiing av Dizu Plaatjies og medlemene i gruppa hans som kjem til Førde. Dizu Plaatjies er ein vidgjeten musikar, musikk- og instrumentsamlar og utrøytteleg ambassadør for den Sør-Afrikanske musikk- og dansearven. Han er son til ein tradisjonell healer og vaks opp i Cape Town. Han grunnla den legendariske gruppa Amampondo som i 15 år turnerte på festivalar og store scener på alle kontinent, og mellom anna spelte på bursdagsfest for Nelson Mandela på Wembley stadion i London.

Ingen særskilde forkunnskapar krevst for dette kurset, hugs ledige klede, og øv gjerne på litt hoftesving på førehand!

Her kan du få eit inntrykk av nokre av dansane (frå 00’48 og utover)

https://www.youtube.com/watch?v=Cmfx53cNIV4


kurs