GAMMALDANSKONSERT: HEVD OG SMÅRADARANE

Arrangementsinformasjon

Der vi i alle år har invitert danseglade til gammal­dans med den aller beste dansemusikken, inviterer vi i år til konsert med den same knakande gode dansemusikken. I kveld kan du lytte deg varm til Hevd og Småradarane, som begge dyrkar runddansetakter frå Vestlandet. Vi lovar å fjerne stolane frå dansegolvet så snart det er tillate å ta ein svingom på offentleg plass!

Utfyllande informasjon og eventuelle endringar finn du på på fordefestival.no.

konsertogdans

Restriksjoner

Alle publikummarar oppmodast om å halde seg heime om ein kjenner symptom på Covid-19.
Det same gjeld om ein er i karantene, eller av annan grunn kan utgjere ein smitterisiko for andre.
Førdefestivalen tek ytterlegare atterhald for nye påbod og restriksjonar frå kommunalt eller statleg hald.

Ansvarsfraskrivelse

Selde billettar refunderast kun om arrangementet avlysast. Arrangøren tek atterhald om dei til einkvar tid gjeldande restriksjonar og påbod for kulturarrangement. Om restriksjonar eller påbod krev at arrangementet må gjennomførast med eit lågare publikumsantal enn selde billettar, vil me prioritera dei som fyrst kjøpte billett.