Fredagsfest: 9 Grader Nord og Fanfaraï Big Band

Arrangementsinformasjon

For English - see below

23.00 – 02.00              Fredagsfest: 9 Grader Nord og Fanfaraï Big Band
Larris Scene, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

Dei fire unge musikarane i 9 Grader Nord er bandet som har raida imponerande mange festivalar og scener sidan starten i 2015. Med sin etnisk progressive musikk; ei energisk, mytisk og mystisk blanding av baila, flamenco, karnatisk og jazz, byr dei på eit eksotisk tilskot til publikum sitt musikalske kosthald. Fanfaraï Big Band hentar dei musikalske impulsane sine frå nord-afrikanske tradisjonar - arabisk-andalusiske, gnawa, berber, chaâbi - og miksar det på elegant vis til energisk, grenselaus og glad godlyd med blåserekkje, rytmeseksjon og full pakke. Det er berre å gje seg over og danse med når Fanfaraï Big Band lagar liv og røre som på ein marokkansk folkefest. Til slutt svingar DJ Audinho da Vitrola opp med danserytmar frå alle verdsdelar!

Aldersgrense 20 år.


23.00 – 02.00              Friday party with 9 Grader Nord and Fanfaraï Big Band
Larris Scene, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

The four young musicians of the band 9 Grader Nord have raided an impressive number of festivals and stages since their formation in 2015. Their progressive ethnic music, an energetic and mystical mix of baila, flamenco, carnatic and jazz, will liven up your musical menu big time. Fanfaraï Big Band gets its impulses from north-African traditions – Arabian-Andalucian, Gnawa, Berber, Chaâbi – and elegantly distils them all into a boundlessly happy sound with brass and rhythm sections, and all else as well. There is nothing for it but to let go and dance when Fanfaraï Big Band turn on their Moroccan folk festival. To cap it all off, DJ Audun Stokke Hole will serve up rhythms from all the world’s corners. 

Minimum age limit: 20





Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.