FolkJazzScena: Hazelius Hedin

Arrangementsinformasjon

Velkomen til konsert - og dans på ein torsdagskveld!

Først blir det konsert med HAZELIUS HEDIN - så spelar dei opp til dans, og til avslutning spelar INDRE SUNNFJORD SPELEMANNSLAG. 


OM HAZELIUS HEDIN

Songaren og strengemeisteren Exbjørn Hazelius og nøkkelharpevirtuosen Johan Hedin har dei siste åra hatt stor suksess på den svenske og internasjonale folkemusikkscena, og i tillegg opplevd stor respons utanfor sjangeren.

Saman utgjer dei to ein komplett og fargesterk duo som med blendande briljanse og tøft driv fyller dei svenske danselåtane og visene med musikk som grip og rører publikum. Repertoaret omfattar alt frå middelalderballadar, eventyrsongar og kjærleiksballadar, i tillegg til instrumentale danseslåttar, både tradisjonelle og nykomponerte. Arrangementa er fasinerande enkle og tradisjonstru, men på same tid er dei innfløkte og djupt personlege  - ofte med noko keltisk over seg.

Hazelius Hedin si første plate, ‘Om Du Ville Männeske Heta’, tok heimlandet med storm og duoen vart kåra til Årets gruppe på Folk- og världsmusicgalan i 2012. Oppfølgjaren, ‘Sunnan’, som kom i 2014 vart om mogleg endå betre motteken - med rosande kritikkar og topplasseringar på svenske platelister uansett sjanger!

Det er all mogleg grunn til å ha høge forventningar når Hazelius Hedin no kjem med si tredje plate. OG ein av dei første konsertane med nytt materiale skjer i Førde, på Larris Scene!  

folkjazzscena

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.