FolkJazzScena: Gjertruds Sigøynerorkester & Britt Synnøve Johansen

Arrangementsinformasjon

Gjertruds Sigøynerorkester med Britt-Synnøve Johansen på Førdefestivalen si FolkJazzScene 12. oktober 

Dørene opnar kl 20.00.

Det er duka for kjensler, lidenskap og festmusikk når Førdefestivalen si FolkJazzScene inviterer til konsert med Gjertruds Sigøynerorkester og Britt-Synnøve Johansen.  

Gjertrud Økland har sitt daglege virke i Stavanger Symfoniorkester, men har sidan 80-talet dyrka sigøynarmusikklidenskapen saman med sitt eige orkester. Gjertruds Sigøynerorkester sitt repertoar er sigøynarmusikk frå Russland, Romania og ikkje minst Ungarn; musikk dei har tileigna seg gjennom årelangt samarbeid med ein av dei fremste cimbalistane i Ungarn, Lászlo Rácz, og tradisjonsbæraren i norsk sigøynarhistorie, Elias Akselsen.

Den aust-europeiske sigøynarmusikken startar gjerne med det litt såre og lengtande, for så å ende opp eit forrykande fest-tempo. Den rike variasjonen i rytme, tempo og frasering vert styrt av primasen - kapellmeisteren - sine innfall og luner, og set store krav til eit tett og fleksibelt samspel. Gjertruds Sigøynerorkester gjev deg sigøynarmusikken i alle sine fasettar - og denne gongen altså med Britt Synnøve Johansen som gjest. Johansen er ein av våre mest respekterte vokalistar, mellom anna med solid suksess som solist i norske Piaf-oppsetjingar og Skjønnheten og udyret. Saman spelar dei musikk dei tidlegare har gjort på kvar sin kant, blanda med nye songar ingen av dei har gjort før.

Frå kvar si verd dreg dei linjer mellom sigøynarmusikk og taterviser, Piaf, tango og fado - og kvar tone og kvar strofe vert leverte med stort hjarte.

Britt Synnøve Johansen (vokal), Gjertrud Økland (fiolin), Georg Reiss (klarinett/tárogátó), Tom Karlsrud (akkordeon), Pål Thorstensen (kontrabass), Trond Villa (bratsj), Helene Waage (cello/sang), Ernest Bangó (cimbalom)


Gjertruds Sigøynerorkester er støtta av Kulturrådet. 

folkjazzscena