Førdekonferansen 2018

Arrangementsinformasjon
Default file 1493386187

YTRINGSFRIDOM - VILKÅR OG GRENSER

Torsdag 5. juli 2018 kl. 09.30-16.30 | Amfi Eikaas, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa


Ytringsfridomen er under press, samstundes som vilkåra og grensene for den vert utsett for debatt, på mange arenaer. Globaliseringa skyt fart og migrasjonen aukar. Menneske med ulike kulturar, normer og verdiar møtest, men enkelte kjenner seg krenka om ytringar blir opplevde som angrep på deira kultur. Kunnskap til få er makt, medan kunnskap til alle er fridom. Falske nyhende og alternative sanningar er nye omgrep som fortel oss at ytringar er avgjerande for å vinne makt.

Debatten kring desse problemstillingane er særs viktig no, med ei ny kulturmelding på trappene i 2019. I den ferske regjeringsplattforma sitt kapittel om kultur er demokrati, mangfald, maktspreiing og ytringsfridom sentrale omgrep. Ser vi konturane av ein ny blå-grøn kulturpolitikk? Kva følgjer får dei politiske vedtaka for ytringskulturen vår?


PROGRAM

09.30 Registrering og kaffi

10.00 Velkomen (ordførar Førde kommune, styreleiar Førdefestivalen)

10.15 Bård Vegar Solhjell, styreleiar i Norsk Musikk råd – «Musikalske uttrykk – viktige i ytringsfridomen»

10.35 Cecilie Hellestveit, forskar i PRIO – «Ytringsfridomens kår i ei verd i endring»

10.55 Pål W. Lorentzen, høgsterettsadvokat – «Ytringsfridom i ei omstillingstid»

11.20 Oppsummering og dialog

11.30 Kaffipause

11.45 Jan Olav Baarøy, direktør i Fredskorpset – «Returbistand – Treng vi bistand frå sør?»

12.05 Elisabeth Eide, Norsk PEN, professor i journalistikk ved OsloMET – «Ytringar i grenseland – ytringsfridomens globale utfordringar»

12.25 Muniba Ahmad – student 

12.45 Oppsummering og dialog

13.00 Lunsj

14.00 Morten Gjelten, direktør i NTO – «Leve tvisynet»

14.20 Linn Marie Holvik, direktør Kulturtanken – «Ytringsfridom og uttrykksmangfald»

14.40 Olaug Nilssen, forfattar – «Ytringsfridom eller brot på personvern»

15.00 Oppsummering og dialog

15.30 Slutt


Konferansier er Anne Mette Hjelle.

Med atterhald om endringar.

førdekonferansen
kultur
konferanse
førdefestivalen
festival
mangfald