Flamencoverkstad kl 10 med Bellali Austria, 5-10 år

Arrangementsinformasjon

Rett deg opp i ryggen, tramp med føtene, løft armane over hovudet og gjer deg klar for heftig fotarbeid og klaprande kastanjettar. Bellali Austria viser veg ut på dansegolvet – olé!

Bellali er ein av dei beste flamencoinstruktørane i Norge, og ho lærer deg enkle og elementære flamenco-trinn og -armrørsler. Kanskje blir du like glad i flamencodans som ho er?

Bellali Austria
Den meksikanske dansaren, pedagogen og produsenten Bellali Austria har budd i Norge sidan 2012. Ho er utdanna i flamencopedagogikk frå Sevilla, har eit 4-årig kunst- og dansestudium frå Mexico, og har undervist i flamencodans i over 13 år. I 2013 grunnla ho flamencoskulen Espacio flamenco Noruega i Oslo, som flamenco-verkstadar og kurs på alle nivå.


På Førdefestivalen vil du også oppleve Bellali Austria i gruppa RIID, som har konsert fredag. 9. juli.


Alle kursa vert arrangerte i gangavstand til Førdehuset. Detaljar kjem.
Les meir om kurs på fordefestival.no 

barnefolk

Restriksjoner

Alle kursdeltakarar vert oppmoda om å halde seg heime om ein kjenner symptom på Covid-19.
Det same gjeld om du er i karantene, eller av annan grunn kan utgjere ein smitterisiko for andre.
Førdefestivalen tek ytterlegare atterhald om eventuelle nye påbod og restriksjonar frå kommunalt eller statleg hald.

Ansvarsfraskrivelse

Selde billettar vert refunderte om arrangementet blir avlyst. Arrangøren tek atterhald om dei til ei kvar tid gjeldande restriksjonar og påbod for kulturarrangement. Om restriksjonar eller påbod krev at arrangementet må gjennomførast med eit lågare publikumstal enn selde billettar, vil vi prioritere dei som kjøpte billett først.