Ebo Krdum Trio

Førdefestivalen gler seg til konsert på Vesle Kinn!
Konserten er utseld, men i samarbeid med Vesle Kinn har vi funne ei løysing der vi kan selje nokre ståplassar.
Desse vert KUN seld i døra. Pris kr 100,-
I år får den fine ølkaféen i Florø besøk av Ebo Krdum.
Ebo Krdum sin varme afrikanske blues og afrobeat har stødig forankring i musikktradisjonar sør for Sahara. Han er musikkaktivist, og syng om rettferd, fred, likskap, mangfald og fridom. Med base i Stockholm er han på full fart mot den internasjonale stjernehimmelen.
Vesle Kinn får trioversjonen, og dette er hans første Norges-konsert.
Meir om artisten:
EBO KRDUM - Sudan/Sverige
Ørkenblues-aktivist
Ebo sin musikalske ideologi: Stå alltid på dei fattige si side, hald fram med å skape medvit om saker som må løftast opp. Undervurder aldri krafta i ord og musikk for å skape endring. Støtt alltid dei undertrykte, sårbare og marginaliserte, og velg alltid ikkje-vold som løysing på konfliktar og problem.
Ebo Krdum er ein sudanesisk-svensk sjølvlærd songar, gitarist, artist, skodespelar - og aktivist. Han lagar politisk afrikanske blues og afrobeat som er stødig forankra i fleire musikalske tradisjonar frå området sør for Sahara. Krdum syng på mange ulike språk, og tekstane kretsar rundt rettferd, fred, likskap, mangfald, revolusjon og fridom.
Då han var 6 år gamal oppdaga han at han kunne synge og at han kunne tromme med berre hendene. Han byrja å underhalde folk i landsbyen. Enkelte gonger fekk han ein mynt eller litt snop i betaling. Som 13-åring bygde han sin eigen gitar. Han lærte seg å spele ved å høyre Ali Farka Touré og Boubacar Traoré på faren sin radio eller sjå dei på den einaste TVen i landsbyen. Snart lærte han seg andre instrument som gojo, ngoni, oud, tamboor, trommer, tangent og trefløyte.
Då krigen starta i Darfur i 2003, vart Ebo Krdum ei viktig stemme for den fredelege revolusjonen mot det korrupte og valdelege regimet. Han var ei musikalsk stemme, men var også fysisk aktiv i motstandsgrupper som hadde som mål å styrte diktaturet i Sudan. Etter kvart vart han nøydd til å flykte, og i 2010, som 21-åring, kom han til Sverige.
Krdum har etablert seg som musikar i Stockholm, med eige band av sju handplukka musikarar. På kort tid har han markert seg som ein av dei leiande på verdsmusikkscena i sitt nye heimland. I september 2021 gav han ut albumet Diversity på eit av Sverige sine mest interessante plateselskap, ‘Supertraditional’, og månaden etter hadde stor suksess på den internasjonale bransjemessa, Womex, i Porto.
Ebo Krdum Trio spelar i Florø, på Vesle Kinn, onsdag. Dagen etterpå spelar han med fullt band på Larris Scene etter opningskonserten.
Restriksjoner
Aldersgrense 18 år.
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.