page view image

Dizzy Mandjeku & Odemba Ok All Stars

Arrangementsinformasjon
event image

Etter to år med danseforbod, er det fantastisk å sparke i gang festivalen

 med kongolesisk rumba!


Kongolesisk rumba - frå motstandskamp til verdsarvstatus. 

Få dansetradisjonar har inspirert musikarar over heile verda meir enn desse rumbarytmane og få leverer den med meir lidenskap enn Dizzy Mandjeku og hans eminente band. Bli med og skape topp festivalstemning frå første dag!

Dørene opnar kl 20.00, aldersgrense 18 år.

Meir om artisten:

DIZZY MANDJEKU & ODEMBA OK ALL STARS - Kongo

Kongolesisk rumba - frå motstandskamp til verdsarvstatus 

Innanfor den kongolesiske rumbaen er gitaristen Dizzy Mandjeku rekna som ei levande legende. Før han vart ein del av den velkjende Orchestre OK Jazz, leia av Franco Luambo Makiadi på 60- og 70-talet, hadde Dizzy allereie starta fleire band i heimlandet.

Då Franco døydde, tok Dizzy over leiinga av bandet ved sidan av namn som Papa Noël, Papa Wemba, Tshala Muana og Verckys vart han ein uerstatteleg del av den kongolesiske musikkfamilien, Med Mandjeku som musikalsk leiar har Orchestre African All Stars International gjeve ut tre plater, kvar av dei står som pålar i soukous-sjangeren. 

Etter at Dizzy Mandjeku flytta til Brüssel, etablerte han Odemba OK All Stars, for å ta vare på den unike og tradisjonelle kongolesiske rumbaen. Seinare har han også samarbeidd med Waldemar Bastos, Sam Mangwana, Zap Mama, Milow, Baloji og Stromae.

14. desember 2021 vart kongolesisk rumba innlemma på Unesco si verdsarvliste saman med spansk flamenco, portugisisk fado, cubansk rumba og folkemusikk frå Setesdal. I motsetning til det mange trur, kom rumbaen opphaveleg frå Sentral-Afrika med slavane til Amerika. På 1940-talet utvikla kongolesisk rumba seg etter påverknad av cubanske rumba som då hadde kome tilbake til røtene. Den kongolesiske rumbaen er ei blanding av tradisjonelle element og moderne instrument.

Den kongolesiske rumbaen spelte ei stor og samlande rolle for det kongolesiske folket i kampen deira mot koloniherrane utover på 1900-talet. I følgje Unesco, er det nettop den politiske sida ved denne musikken som inspirerer så mange artistar over heile verda I dag.


Artistmedlemmer:

Bolonge-Jomali

Dibwidi Ndombele

Nkalulu-Baend'Afe Lokombe

Lugendo Lutala Malage

Mandjeku Lengo

Mukulu Muindila

ID Ntale Ruhana

Alphonse Bruno Nzau Nlandu Lua Ntueto

Obay Nana Akumu Wakudu

Christopher Daniel

konsert/dans

Restriksjoner

Aldersgrense 18 år.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.