Kurs: Canadisk steppdans

Arrangementsinformasjon

Torsdag 5. juli kl. 15:30-17:30  MERK: Nytt starttidspunkt!  

Scena i Teatersalen, Førdehuset. 

Canadisk steppdans.     

Instruktørar: Cassie MacDonald og Maggie MacDonald

Hugsar du Riverdance-bølga? Canadisk steppdans er ikkje så langt unna den irske tradisjonsdansen som gjekk som ein farsott over heile verda gjennom Riverdance-framsyningane.  Og no har du sjansen til å prøve! Søstrene Cassie og Maggie MacDonald frå Nova Scotia i Canada gjev deg innføring i korleis du kan bli ein ekte steppdansar!  Søskenparet er dei nye yndlingane på folkemusikkscena i Canada og gjer internasjonal karriere med både song, spel og dans på repertoaret. Her treng du ikkje partnar eller spesielle forkunnskapar, men du treng danselyst og gode sko med litt harde hælar.

P.S. Og hugs at dans er ein super treningsmetode då – godt både for både kropp og sjel!

Her kan du ta ein kikk på kva du kan lære (dans frå 01:50):  https://www.youtube.com/watch?v=aymPsyL3WKk