Barokksolistene - The Alehouse sessions

Arrangementsinformasjon

For English - see below

17.00 - 18.15                Barokksolistene – The Alehouse sessions
Storsalen, Førdehuset

Fiolinisten Bjarte Eike og Barokksolistene har skapt furore i Skandinavia og store delar av Europa og USA sidan dei sist spelte i Norge. Konsertar i London, Dresden, Wien konzerthaus, Washington Nathional Cathedral, Minneapolis, Princeton, New York og Chicago har vore heilt utselde, og omtalane etter konsertane har vore overveldande. The Alehouse sessions har gått rett heim hos tilhengarar av både jazz, klassisk og folkemusikk.

Musikk er heilt enkelt musikk, den treng ingen merkelappar eller kategoriar. Ved å gjere det, risikerer du å skape ein musikalsk elite, seier Bjarte Eike, og dette gjenspeglar seg verkeleg i  The Alehouse sessions.

Inga reise til England er komplett utan ein tur innom den lokale puben. Stadane, som har vore kalla taverns eller alehouses, har heilt sidan middelalderen vore britane sin andre heim. Her har lyden av snakk, song, musikk og den evige klirringa i ølglas til alle tider fylt romma.

På slutten av 1600-talet, då teatera vart stengde av religiøse grunnar, vart mange av desse skjenkestadane gjort om til såkalla Music Houses, der musikarar vart samla for å gje konsertar for eit entusiastisk og øltørst publikum. Her møtte du Henry Purcell og mange andre komponistar som presenterte sine nyaste komposisjonar, eller dei duellerte musikalsk med dei lokale folkemusikarane.

Komponistane lærte seg tradisjonelle låtar og vart inspirerte til å skrive nye stykke - med element frå folkemusikken - spesielt for pub-publikummet. Tekstane gjekk i ganske vågal retning (og ofte litt lenger..). Folkemusikarane vart utfordra med eit nytt repertoar, og vart nøydde til å løfte seg for å hevde seg i duellane.

Ut av dette utvikla det seg altså ein ny musikkstil som var skreddarsydd for dei uformelle rammene - og ein god del av repertoaret frå denne tida høyrer i dag til den tradisjonelle engelske, skotske og irske folkemusikken. Med andre ord var det ikkje berre komponistane og dei profesjonelle musikarane som vart prega av folkemusikken - folkemusikken vart til ein viss grad også prega av komponistane. Etter kvart vart desse Alehouse sessions så populære at publikum måtte betale inngangspengar. Folk kunne teikne abonnement, og i neste runde vart lokala utbetra på musikkens premissar, slik at vestleg musikkliv rundt år 1700 hadde skapt dei første konsertsalane utanfor kyrkje eller slott.

I denne konserten gjenskapar Barokksolistene noko av den stemninga frå pubane i London på 16 og 1700 talet. Menyen omfattar folkeleg, forførande, gripande og festleg song og musikk, akkompagnert av snakk, humor - og sjølvsagt øl!

A house of sinne you may call it, but not a house of darknesse, for the Candles are neuer out, and it is like those Countries farre in the North, where it is as cleare at mid-night as at mid-day.” John Earle, micro-cosmographie: Or a Peece of the World Discovered (1628)

 

Harstad tidende

Grenseløst bra!

BBC Music Magazine

“Creating the effect of a late night jamming session”

 

Bjarte Eike’s Barokksolistene is an alchemical miracle of an ensemble, a collective of virutosos whose instinctive, playful communication and delight in one another’s skill amplifies their individual performances, transforming them into pure musical gold …

The whole joyous evening was a liberation, carrying us back to a time when the terms  “classical” and “folk” hadn’t yet been invented, and music was simply Music.


17.00 - 18.15                Barokksolistene – The Alehouse sessions
Storsalen, Førdehuset

Dear Public, the stage is set for a musical experience way above the ordinary when Bjarte Eike takes his alehouse boys, turns the stage into an English pub as it was around 1600, and fills it with folk music, classical pearls and shanties! Around that time, the British government had closed the theatres and concert halls, and the pub did service as a gathering point and jamming place for musicians. They played and sang night in and night out, all in full vigour! The Barokksolistane’s Alehouse concerts have taken both critics and public by storm. You simply MUST experience them!


barokksolistene
førdefestivalen
førde
sunnfjord
sognogfjordane
førdehuset
norge
norway

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.